Prinsipprogram 2016-2018

Biblioteka gir tilgang til utdanning, læring, sosial og demokratisk deltaking, styrking av lokalsamfunn og samvær mellom menneske. Derfor må biblioteka vere i front når samfunnet endrast.

1. Bibliotek, ytringsfridom og demokrati

Biblioteka er aktive bidragsytarar i eit moderne demokrati. Openheit, ytringsfridom og tilgjenge er grunnleggjande prinsipp for biblioteka. Publikum skal sikrast gratis tilgang til informasjon. Biblioteka skal vere ein uavhengig arena for meiningsutveksling.

2. Bibliotek og deltaking

Biblioteka gir enkeltmenneske lokale, regionale, nasjonale og internasjonale informasjonsressursar. Ved å motivere til livslang læring bidrar biblioteka til å skape aktive, deltakande samfunnsborgarar og eit godt fungerande samfunn.

3. Bibliotek og samfunn

Biblioteka er møtestader i lokalsamfunna, og kan utvikle og fremje nye band mellom menneske. Dei er senter for naboskap, enkeltpersonar, grupper, studentfellesskap og forskarfellesskap. Biblioteka ønskjer eit vell av aktivitetar velkomen: Lesing, læring, kulturopplevingar, samtalar og debatt. Dei er ”ein tredje stad” som understrekar at menneske ikkje berre er forbrukarar, men også sjølv produserer innhald.

4. Bibliotek og teknologi

Biblioteka orienterer seg mot brukarane, og gir enkeltpersonar og grupper eit utval av verktøy og ressursar for oppleving og læring. Biblioteka skal vere læringsrom som bidrar til den digitale danninga: Digital åtferd, kjeldekritikk og å orientere seg i digital informasjon.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone