Årets bibliotek 2020 – Deichman Bjørvika

Knut Skansen, biblioteksjef i Oslo, Vidar Lund, leder i Norsk Bibliotekforening og Merete Lie, avdelingsdirektør Deichman Bjørvika

18. juni opna endeleg Deichman Bjørvika, det nye hovudbiblioteket i Oslo. Det var kulminasjonen på ein nesten 30 års kamp for å få nye og moderne lokale for Noregs største folkebibliotek. Frå den dagen biblioteket opna har folk i byen trykt det til sitt bryst.

Kort åpningstid

Til tross for kort åpningstid beviser Deichman Bjørvika seg som ein verdig vinnar. Covid-19-pandemien har sett nokre grenser for kor mange som kan vera der og kva aktivitet det er rom for, men likevel er oppstarten imponerande. Vi ser korleis bygget kan brukast, både til bøker, andre media, aktivitet, folkeverkstad, musikkstudio, møtelokale, servering – rett og slett ein møtestad for folket. Biblioteket er òg eit av signalbygga i byutviklinga i Bjørvika, i ein trekant med Munchmuseet og Operaen. Det er med på å gjera Bjørvika til ein bydel der alle er inkludert. Rett og slett et møtested for folket.

Oslo viser vei

Det tok over 30 år frå det konkrete arbeidet med alternativ til hovudbiblioteket på Hammesborg starta, til ein fikk opna. Tida er brukt godt. Som ein del av arbeidet med nytt hovudbibliotek har Deichman redesigna, flytta, pussa opp filialane og introdusert nye tenester undervegs. Dermed har Deichman Bjørvika vorte ein konklusjon på eit imponerande bibliotekarbeid i Oslo. Tidligare reiste vi til Danmark og Finland på studietur for å sjå på nye tenester. Dei siste åra har Oslo vorte det nye reisemålet.

Auka tall

I juli og august 2019 hadde hovudbiblioteket på Hammersborg 49.000 besøk. I same periode i 2020 hadde Deichman Bjørvika 387.000 besøk, trass i at covid-19-tiltak reduserte kapasiteten. Deichman Bjørvika har òg hatt 74 % auke i utlånet sett i høve til 2019. Desse tala seier noko om at biblioteket blir brukt på ein annan måte enn før, og at oslofolk har redefinert sitt forhald til biblioteket. 

Juryen Årets bibliotek 2020
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Hildegunn Hestnes, seksjonsleder Trøndelag fylkesbibliotek (fjorårsvinnar)
Trine Skei Grande, stortingsrepresentant
Heidi Austlid, direktør i Forleggerforeningen
Sumaya Jirde Ali, forfattar, samfunnsdebattant og student

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Få med deg siste nytt fra oss!