Svaret er bibliotek, kulturminister!

Dette innlegget sto på trykk i Dagsavisen 16.01.2018

Av Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening

På Kulturnytt for nokre dagar sidan sa Linda Hofstad Helleland at ho ønsker å høyre fleire stemmer i kunst- og kulturdebatten. Vel, no er bibliotekfolket ferdig med å snakke med innestemme.

«Kunsten må få spille en avgjørende rolle i menneskers liv,» sa kulturministeren. Det er Norsk Bibliotekforening heilt einig i.

I biblioteka ligg ein fantastisk infrastruktur for at menneske kan finne kunnskap og sjølv vere med å skape han. Det er folkeverkstader og digital opplæring som gjer at kulturen vår blir tilgjengeleg for folk flest. Det er dessverre ikkje dei beste vilkåra for dette. Folkebiblioteka har fått skore budsjett med ostehøvel dei siste åra. Alle skolar skal ha eit bibliotek, men innhaldet varierer frå eit kunnskapssenter der elevane blomstrar, til ei bokhylle med utgamle bøker. Fagbiblioteka må arbeide for å bli ein del av sine institusjonar og ikkje bli et arkiv.

Kulturministeren er opptatt av kunstnarøkonomien, som også vi er. For at kunstnarane skal nå ut, må det eksistere ei formidling av bøkene, maleria, musikken, spela og alt det andre. Musikkbiblioteka har nesten forsvunne, noko som gjer at du er avhengig av eit strøymeabonnement for å høyre den beste musikken. Dei fleste har råd til hundre kroner i månaden, men det er mange som ikkje har det også. Korleis kan fattige barn og unge høyre den nye, norske musikken og sjå filmane det er gitt millionar til?

Bibliotekarar over heile landet står klare til å formidle kunsten. Helleland skreiv før jul at «Det kanskje er viktigere enn noen gang å ta vare på de analoge møtene mellom kunstner og publikum, og å definere hvilke mellommenneskelige møteplasser som vil være viktige for de som er barn i dag når de blir voksne.» Vi har svaret. Bibliotek.

Engerutvalet slo fast at den kulturelle grunnmuren var taparen i kulturløftet. No bles ein bibliotekvind over landet som kanskje kan endre dette. Biblioteklova seier at folkebibliotek skal vere ein debattarena. På biblioteket kan meiningar brytast, og det er ein nøytral møtestad.

Det er ikkje berre enkelt. Biblioteksjefar står i hardt vêr som debattredaktørar, samstundes som dei er kommunalt tilsette. Er det rett å invitere ein holocaustfornektar til biblioteket? Skal det vere pornografiske skildringar i bibliotekbøkene? Biblioteka ønsker seg gjerne innspel frå politikarane. Den triste sanninga er at bibliotek mange plassar blir tatt for gitt, og lokale og nasjonale politikarar ikkje tenker over kva biblioteka kan brukast til. Kunst- og kulturdebatten skal være livleg, slik også Helleland slo fast.

Tradisjonelt har biblioteket vore ein stad for innestemme. Det gjeld dessverre når vi snakkar i den offentlege debatten også. Det er derfor det har vore ei halvering i bibliotekbusser på tjue år, utan at nokon reagerer. Kven ropte høgt då barna og dei eldre mista kulturtilbodet som kom til dørstokken deira? Når det blir færre kommunar er det enda vanskelegare for dei som ikkje kan setje seg i bilen og køyre til kommunesenteret. Bibliotektilbodet må vere der folk er. Innkjøpsordningane sikrar allereie at du kan få det raraste av poesi og dei beste sakprosabøkene uansett kor du bur i landet. Norsk Bibliotekforening meiner det er grunn til å satse stort på dei lokale biblioteka, utvide bibliotekbusstilbodet og gjere det mogleg for kvart enkelt bibliotek til å tilby folk flest den beste kulturen.