Berekraft i norske folkebibliotek

«Biblioteket er i seg selv et gjenbrukstiltak gjennom sin praksis» skriv Asker folkebibliotek om å bidra til FNs berekraftmål nr. 12 om ansvarleg forbruk og produksjon.

Kartet viser korleis norske folkebibliotek bidreg til å oppfylle FN sine mål for berekraftig utvikling.

Bruk nokre minutt på å bla deg rundt i det! Zoom inn og klikk på logoane for å sjå dei ulike tiltaka.

Petter von Krogh (Buskerud fylkesbibliotek) og Mona Myrland (Fyrverkeriet bibliotek og kulturhus) har gjort arbeidet med dette kartet.

Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA (The International Federation of Library Associations and Institutions) arbeider gjennom The International Advocacy Programme for å synleggjere biblioteka i FN-arbeidet for Agenda 2030 og skape merksemd om måla for berekraftig utvikling blant bibliotektilsette. I Noreg er det Norsk Bibliotekforening som tar dette arbeidet vidare.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone