Kan innhaldet i hyllene styrast? – Sensur i biblioteket

Innlegget blei publisert på dagbladet.no 26. oktober 2017

Har barna dine kome heim med ei bok frå biblioteket som du hadde helst sett dei ikkje hadde lånt med seg? Kanskje handlar det om seksuelle skildringar? For mykje vald? Dårleg språk? Mykje banning?

Kva gjorde du med det? Gjekk du tilbake til biblioteket og klaga til bibliotekaren? Dei færraste gjer det. Det ser ut til at folk flest her i landet tenker at dei kanskje ikkje ville lånt denne boka sjølve, men dei gjer sjeldan noko meir med det.

Seier det noko om slappe og uinteressert foreldre? Eller seier det i staden noko om høg toleranse for at vi lever forskjellege liv?

Då eg var nyutdanna reagerte ein i det lokale bibliotekstyret på at bøkene om Pelle og Proffen sto på framtredande plass og han syntes det var uforståleleg at dei var så populære. Han faren til Pelle var det vel ingen som kunne identifisere seg med? Ein langhåra tidlegare narkoman frå hovudstaden var ingenting å lese om for barna på denne øykommunen på Vestlandet.

Eg repliserte at kanskje hadde ungdommen godt av å lese om ein annleis far, kanskje var det bra for både menneskesynet og verdsbildet deira å sjå at folk kunne leve annleis liv. Eg fjerna ikkje bøkene frå hyllene, og eg blei heller aldri beden direkte om det. Ei eldre kvinne kom og slengte ei bok i skranken få dagar etter at ho hadde lånt ho, for banning var ho ikkje interessert i. Eg brukte same argumentasjonen: Det har ein verdi i seg sjølv å lese om korleis andre lever sine liv, sjølv om det er langt frå det livet vi lev sjølve. Det fall på steingrunn.

Eg kan vanskeleg sjå for meg at ein ordførar, rådmann, forelder eller vanleg lesar skal ha innverknad på kva som står i bokhyllene i folkebiblioteka rundt om i landet. Eller for å seie det på ein anna måte; ha innflytelse på kva som blir tatt UT av bokhyllene. Bibliotek har fagbøker, altså alt anna enn skjønnlitteratur, ordna i eit eige system. Til dømes kjem Koranen i ei eiga gruppe, og har dermed ei eiga plassering. Som bibliotekar opplevde eg stadig at Koranen blei plassert øvst på hylla, vi flytta han ned igjen. Dette gjorde vi ofte, men vi slutta ikkje å gjere det til tross for at muslimar meiner at Koranen skal stå over alle andre bøker.

Norsk Bibliotekforenings søsterorganisasjon, American Library Association, fortel om ein ganske anna verkelegheit. USA er eit land der ytringsfridom, i prinsippet, står sterkt. Der individet sin rett til å hevde si meining blir framheva som ein av dei framste verdiane. Likevel, ønsket om å beskytte barna trumfar det meste. Og får dei raraste utslaga. Men for foreldra handlar det til sjuande og sist om å verne om det dei opplever som ein trussel mot barnet si uskuld.

Verre er det med vaksenlitteraturen som blir fjerna frå hyllene i amerikanske biblioteket. Der nyttar dei omgrepet «challenged books», og det handlar om bibliotekbrukarar som formelt ber om å få bøker fjerna eller lagt restriksjonar på. Og det er ikkje få titlar det er snakk om: Blant bøker som er bedne lagt restriksjonar på eller fjerna frå bibliotekhyllene, finn vi forfattarar som nobelprisvinnar Toni Morrison, James Baldwin, Maya Angelou, Dave Eggers, Ian McEwan, Harper Lee og Arundhati Roy.

Ein kan nesten seie at verdas litterærare kanon er samla på denne lista av bøker. Grunnane? Ofte vikarierande motiv som eksplisitte skildringar av seksualitet og vald, medan det i røynda ofte handlar om den politiske bodskapen. Kvart år gir den amerikanske bibliotekorganisasjonen ei ny oppdatert liste over rapporterte og bannlyste bøker, og her finn vi også mange barnebøker. Korleis kan så dette skje?

Min amerikanske kollega, James LaRue, seier det har ein samanheng med seksuell puritanisme, ein stadig meir tydeleg anti-intellektualisme og mistru til langsiktig forsking og vitskap. Og det er grunn til å tru at dette har blitt ytterlegare forsterka etter at Donald Trump kom til makta.

Det mest alarmerande er at anslagsvis nitti prosent av alle forsøk på å få fjerna bøker aldri blir rapportert inn av bibliotekarane til den amerikanske bibliotekforeninga. Og kvifor blir det ikkje rapportert inn? Det handlar om bekymring for eigen arbeidssituasjon og at tilskotet til allereie sultefora innkjøpsbudsjett skal blir enda verre.

Her i landet opplever vi ikkje dette, i alle fall i særs liten grad. Nyleg har Gro Dahle gitt ut ei bildebok, «Sesam sesam» som omhandlar barn sitt forhold til pornografi. Boka har også nettopp blitt innkjøpt av Kulturrådet si innkjøpsordning av ny norsk skjønnlitteratur. Det skal bli interessant å sjå om vi får klager på at den boka er i biblioteket sine hyller.

Men sensur er ikkje berre det som blir utfordra og bede fjerna av brukaren, det handlar også om den litt skjulte utvelginga. Etter biblioteklova skal biblioteka kjøpe inn bøker basert på kvalitet, allsidigheit og aktualitet. Det seier seg sjølv at innafor desse tre kriteria kjem det så mange titlar, og så mangt kan bli utestengt i ein prioriteringsprosess.

Det er ikkje til å kome frå at bibliotekarar ofte veljer ut frå eigen smak, interesse og politisk overtyding.  Andre nyttar seg også av abonnementsordningar for totalinnkjøpet sitt der ein samstundes delegerer bort arbeidet med å stå for innkjøpet sjølv.

Vi ser at terskelen for å kjenne seg krenka blir lågare og lågare. Det enkelte har kalt «krenkomanien» kan også kome til å ramme biblioteka og det som står i hyllene der.

Biblioteka kan kome til å stå overfor stadig nye utfordringa når det gjeld innkjøpa våre frå meir eller mindre forulempa brukarar. For alt eg veit så kan eit bibliotek ha fått den første klagen på ei bok om korleis lage seg eit indianarkostyme til karneval på barnehagen.

  • Mariann Schjeide – Leiar, Norsk bibliotekforening
Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone