Felles nordisk bibliotekuttale til IFLA Global Vision

I januar møttes dei nordiske bibliotekforeningane i Stockholm til sitt årlege møte. Under diskusjonane var vi samde om at vi skulle skrive ein felles uttale om ytringsfridom og biblioteka sin rolle som garantist for ytringsfridom i vid forstand frå Sverige, Danmark, Finland, Island og Noreg.

#iflaglobalvision er eit initiativ der bibliotekfolk frå heile verda samlast og diskuterer korleis biblioteket kan møte utfordringar. IFLA vil finne ut kva som er kjerneverdiar for bibliotek som ein kan byggje eit sterkt, sammensveisa bibliotekvesen på.
Les meir på
https://globalvision.ifla.org/about/

Nedanfor kan du lese uttalen vi ga IFLA sitt styre på IFLA WLIC i Polen i førre veke. Han vart særs godt tatt i mot, og seinare referert til som eit godt og tydeleg initiativ frå dei nordiske landa.

Det er viktig for de nordiske bibliotekforeningene at ytringsfridom og demokrati løftast fram som eit av de viktigaste temaa i IFLA sitt arbeid med Global Vision.

Brevet i PDF-format.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone