Foreslå kandidatar til Pådriverprisen

Norsk Bibliotekforening delte i 2013 ut Pådriverprisen for første gong. Pådriverprisen delast ut til ein person som er

  • innovativ
  • kreativ
  • ein pådrivar i bibliotekfeltet

Pådriverprisen er modellert etter Movers & Shakers, som delast ut av Library Journal.

Premien er forutan heider, ære & stor åtgaum, ei dekka reise og opphald til Det 76. bibliotekmøte som i Sandefjord i mars 2018. Der får vinnaren også høve til å presentere arbeidet sitt.

Vi håper på mange spenstige og gode forslag på personar som vi veit finnast der ute, men som ikkje alltid er like synlege for kollegaer og andre i omverda. Sjå deg omkring. Veit du om nokon som driv med noko heilt spesielt som du meiner bør kome opp og fram i lyset? Ikkje nøl med å tipse oss og nominere!

Send forslaget ditt til nbf@norskbibliotekforening.no.

Juryen for Pådriverprisen 2018: Odd Letnes (redaktør Bok og Bibliotek), Toril Åbotnes Iversen (biblioteksjef Oppdal + styremedlem NBF Sør-Trøndelag), Bjarte Bakken (Foreningen !les, prosjektleder for Ungdommens kritikerpris og Uprisen), Anna Kathinka Dalland Evans (juryens leder, rådgiver ved Institutt for teoretisk astrofysikk UiO)

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *