Kvifor kaste bort pengar på bibliotek?

No har vi vore på høyring i Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen for stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning». Norsk Bibliotekforening, og fleire med oss, reagerte sterkt då meldinga vart lagt fram – og ikkje nemnde bibliotek med eitt ord.

Då vi møtte komiteen, sa dei at dei hadde skjønt at det å ikkje nemne bibliotek var ein glipp. Vi hissar oss ikkje for berre ein glipp, men det å glippe bibliotek skjer nærast systematisk. Alle likar biblioteket, men dei gløymer det når planane og budsjetta faktisk skal leggjast. Det er naudsynt for oss å stadig minne på bibliotek.

Høyringa denne gongen gjaldt høgare utdanning. Staten bruker betydelege midlar for å lønne 1700 årsverk i universitets- og høgskolebibliotek. Staten bruker ein halv milliard for å kjøpe inn medier, hovudsakleg digitale. Det er sløsing å ikkje gi biblioteka ei klar bestilling når slike summar er i omlaup. Biblioteka ønskjer å bidra, og regjeringa burde brukt denne moglegheita ein stortingsmelding gir.

(Treng vi gje deg fakta forresten? Biblioteket gjer at færre studentar fell frå. Biblioteket gjer opplæring i kjeldekritikk og kritisk tenking. Biblioteket finn kjelder du ikkje finner med google. Bibliotek er arbeidsstaden der ein kan studere og samarbeide.)

Stortingskomiteen bad oss komme med konkrete innspill som dei kan bruke i sin merknad. Jau, no skal de sjå! sa sjølvsagt vi, og gjekk heim og skreiv så det spruta. Nokre timar seinare leverte Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet følgande setningar til komiteen:

  • Komiteen vil peke på at fagbibliotekene har stor betydning for bedre studiekvalitet og redusert frafall.
  • Komiteen mener at fagbibliotekene må utvikle seg i takt med endringene i studentenes læring og livsstil, og i takt med teknologiens muligheter.
  • Fagbibliotekene gir tilgang til kunnskapskilder som er avgjørende for forskningsbasert undervisning. Deres undervisning og veiledning i kildekritikk er viktig med økt tilgang på digital informasjon. Mange bibliotek er allerede sterkt involvert i produksjon, publisering og tilgjengeliggjøring av institusjonenes egen forskning og egne læringsressurser.
  • Komiteen vil også understreke bibliotekenes betydning som læringsarena og arbeidssted for studenter. I bibliotekene får studentene tilgang til ulike arbeidsplasser tilpasset deres individuelle læringsstil, samt at de får tilgang til veiledning og kunnskapskilder både fysisk og digitalt. Digitaliseringa øker behovet også for fysiske møtesteder og steder å jobbe sammen. Biblioteket er etter komiteens mening, et slikt sted.
Bibliotekarforbundet ved Margunn Haugland og Norsk Bibliotekforening ved Mariann Schjeide og Lars Egeland i høringsmøte på Stortinget 15. mars 2017.
Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone