Vi bygger ikkje eit nytt bibliotek for å oppbevare bøker

Gunnar Stavrum spør i Nettavisen 22. desember om vi treng eit nytt stort hus for å ta vare på papirbøker når alle bøker kan lesast elektronisk på mobilen.

Leder i Norsk Bibliotekforening Mariann Schjeide. Fotograf: Marit Brunstad.

Vi bygger ikkje eit nytt bibliotek for å oppbevare bøker, Gunnar Stavrum. Sjølv om den opprinnelege etymologiske tydinga av ordet var boklager, er eit bibliotek mykje meir enn det. Biblioteket  er ein stad, eit torg, ein teneste. Nokre kallar det medietek, andre stader heiter det læringssenter. Men likevel kallar dei fleste det fortsatt for bibliotek.

Biblioteket er eit kommunalt tilbod som famnar alle, heile livet. Den dominerande gruppa på bybiblioteka, heile 29% av brukarane, er mellom 19 og 30 år. Dei kjem ikkje primært for å låne bøker. Og det er heller ikkje viktig. For oss som arbeider med og i bibliotek er besøkstal langt viktigare enn utlånstal. Bibliotekdrift som er tilpassa si tid handlar om så mykje meir enn utlån av bøker: Arrangement, forfattarbesøk, lån av pc-ar, slektsgransking, kollokviearbeid, debattar, foredrag, språkkafear. Alt dette er ein del av folkeopplysningstanken som har vore biblioteka sitt mandat i over 200 år. Kunnskap og opplysning til folket. Utlånstal aukar, besøkstal aukar, dei digitale skreddarsydde tenestene til publikum har forundra mang ein politikar utan lånekort. Biblioteka var blant dei første til å ta i bruk ny teknologi for snart 30 år sidan til gjenfinning, kjeldegransking, utlån og registrering. I dag kan alle brukarar opprette sin profil, få varsel om interesseområde, bestille og fornye.  E-bokulånet ligg på rundt 2% av det samla utlånet.

Biblioteka er den einaste møteplassen vi har i samfunnet som er gratis. Biblioteka skårer høgast på alle kommunale brukarundersøkingar over heile landet. Biblioteka har skjønt korleis flokkdyret i oss opptrer, biblioteka har skjønt behovet for å søke saman. Gjerne for å møte andre aktivt, men også behovet for å vere aleine saman med andre. Når det gjeld samla tal for Deichman så hadde biblioteket ein vekst i besøkstal på 14% i høve til året før. Det er mange Osloborgarar, det! Det er fordi biblioteka generelt, og her Deichman spesielt, har vist seg som tilpasningsdyktige. Dette har resultert i ein politisk vilje til å satse på biblioteket som den tredje staden, som eit rom i byen. Ikkje ute, ikkje heime. Munchmuseet som skal kome i Bjørvika har eit estimert besøkstal på ein halv million i året. Deichmans estimat for eige besøk når det står ferdig er 2 millionar besøkande.

Biblioteka som byutviklar er ei suksesshistorie også andre stader i landet. Vi har sett det i Tromsø, Bodø, Lillehammer og Stavanger for å nemne nokre byar. Biblioteket på Sølvberget i Stavanger har like mange besøk som Oljemuseet, Arkeologisk museum og Rogaland teater til saman. Til saman! Fordi dei er ein lagringsplass for bøker? Det er innlysande at det ikkje kan vere forklaringa. I tillegg til å vere ein terskelfri møteplass er kunnskapsutvikling og –formidling viktigare enn nokonsinne. Og det er oss revnande likegyldig om det skjer i papirform eller elektronisk form, om det skjer i form av foredrag eller debattar. Form har i det heile tatt aldri vore viktig for oss som arbeider i og med bibliotek.

Derfor er det direkte feil når Stavrum skriv at «…allerede nå er man i gang å vurdere om Nye Deichman kan være et sted for møter, seminarer og debatter». Dette er så visst ingenting Deichman, eller andre bibliotek for den saks skuld, vurderer. Det har biblioteka halde på med i årevis, det er ein del av samfunnsoppdraget vårt. Der har biblioteka også ein klar marsjordre i bibliotekloven som seier at biblioteka skal vere ein uavhengig debattarena. Vi brukar ikkje møteplassomgrepet og har biblioteket som ein debattarena for å skjule at papirbøker ikkje er framtida. Det ville ikkje falt oss inn ein gong. Bibliotekarar kjenner på ingen måte at vi har gått eit hakk ned når vi understreker behovet for møteplassar og frie debattar i ei teknologisk tid. Tvert om! Deichman spesielt viser at dei er tilpasningsdyktige og framtidsretta når dei har fleire tusen arrangement i året.

Biblioteka i Noreg er ein garantist for lik rett til informasjon i eit levande demokrati, biblioteka er ein demokratisk aktør i seg sjølv. Når Oslo no satsar stort ved å bygge eit nytt hovudbibliotek, så er det fordi Oslo kommune har skjønt kor viktig biblioteket sin rolle som byutviklar er. Dei har skjønt at i ein pulserande by så  treng vi å møtast, dei har skjønt at debattar der vi ser kvarandre i augene langt borte frå dei anonyme kommentarfelta har ein verdi, dei har skjønt biblioteket som trivselsfaktor og  integreringsarena. Og dei har skjønt at litteratur og kunnskapsformidling kan vere nyttig i mange former, ikkje berre lesing frå ei papirbok. Samtidig ser vi at at papirboka ikkje var så døyande nokre av oss ei stund trudde, papirboka har vist seg overlevelsesdyktig. Skulle ho likevel ein gong i framtida trekke sitt siste sukk, så skal vi klare å leve godt også med det.

For realiteten er dette: Biblioteket er velferdsstatens mest moderne, inkluderande, vidtfamnande og vellukka institusjon.

Denne kommentaren fra Mariann Schjeide sto først på trykk i Nettavisen 2.1.2017.

 

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone