Desse kan bli Årets bibliotek 2015

Dei tre nominerte til Årets bibliotek 2015 er

  • Berg folkebibliotek
  • Bergen Offentlige Bibliotek
  • Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo

Prisen delast ut 14. januar 2016 i Fritt Ords lokale. Utdelinga er ope for alle.

Juryen har bestått av

  • Mariann Schjeide (leiar, Norsk Bibliotekforening)
  • Kristin Vinje (politikar, H)
  • Evy Sisilie Bergum (biblioteksjef i Molde, fjorårets vinnar)
  • Martine Aurdal (journalist, Dagbladet)
  • Knut Aastad Bråten (redaktør, Syn og Segn)

Juryens grunngivingar

Berg folkebibliotek

Gjennom strategisk og kreativ ressursutnytting er Berg folkebibliotek eit ideal for alle bibliotek som stadig må argumentere for sine budsjett. På ein stillingsprosent som burde vore mykje høgare, klarar ”ho Brita” å involvere innbyggjarane slik at ressursane vert utnytta. Kokekunnskapar og handarbeidsteknikkar utvekslast i kulturmøte mellom norskfødde, arbeidsinnvandrarar og flyktningar. I eit samarbeidsprosjekt om biblioteket som sosial arena trekker samlingane 100-150 menneske kvar gong – i ein kommune med 900 innbyggjarar! Med kreativ innstilling fiksast oppussing på dugnad, og innvandrarar får med seg pengar for å kjøpe med barnebøker frå heimlandet. Ungdomsskoleelevar får opplæring og ”tilsettast” for å drive bibliotek og hjelpe yngre elever. Og erfaringane deler biblioteksjefen i vertskapskommunesamarbeidet i Troms, som integrerer biblioteket i et bibliotekfaglig fellesskap og faglig nettverk. Dei fleste bibliotek i Noreg er små, og folkebiblioteket i Berg gjenopplivar den gamle dugnadsanden som alltid har vore livsnødvendig i fiskevær og bygdesamfunn. Å vere med å forme samfunnet ein er del av, er ein grunnpilar for demokratiet. På yttersida av Senja kviler denne pilaren på eit botnsolid grunnfjell: folkebiblioteket!

Bergen offentlige bibliotek

Over heile Noreg høyrer du ekko frå arrangementa på Bergen offentlige bibliotek. Dei siste åra har dei vore eit føregangsbibliotek særleg innan program- og arrangementsutvikling. Dei var eit av dei første norske biblioteka som byrja med podkast og videostrømming, og no held dei loddekurs, gamebrary og kodekurs i ungdomsavdelinga UROM. Særleg satsinga på ungdom er beundringsverdig og bør lyse som ei leiestjerne for korleis bibliotek kan trekke til seg andre grupper. Ombyggingane dei har gjort har hatt publikum i sentrum, der også kafeen vert ein møtestad og formidlingsarena. Saman med Bergen Arkitekthøgskole skapte dei ei annleis, utfordrande og nyskapande ungdomsavdeling i UROM. Bibliotek i dag skal bety noko for befolkninga, og køane utanfor Bergen offentlige bibliotek tyder på at dei klarar å vere det samlingspunktet dei skal vere i samfunnet. Samarbeid med universitet, hackemiljø, frivillige organisasjonar, festivalar og musikkorganisasjonar gjer berre at dei 1200 årlege arrangementa får omfanget for å treffe eit vidt spekter av folk. Bibliotekets virke har ringverknader i byen, området og i heile landet.

Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo

Biblioteket er ein viktig møteplass for fagmiljøet. Dei er innovative og testar nye metodar for å gje studentane det beste biblioteket, og let seg ikkje avgrense av dei fysiske veggane sine. Samarbeid med blant anna NRK Ekko om Abels tårn og forskarar utvidar biblioteket. Dei er synlege og viser fram det dei gjer, både på universitetet og til omgjevingane. Med eit særskilt blikk for studentane nyttar dei arealet sitt på ein måte som gjer mange leseplassar i forskjellige miljø, samtidig som det er knytt saman til eit heilskapleg bibliotek. Ved å blande vaflar, science fiction, teikneseriar og lolcats med det reint faglege stoffet, gjev dei brukarane sine meir enn det dei spør etter. Dei drivast ikkje berre av å gje kunnskap om akkurat dei emna som går dette semesteret, men utdannar menneske til eit heilt liv. Dette biblioteket tek læringssenterideen til eit heilt nytt nivå. Sjølv om ikkje alle bibliotek i Noreg skal vere spydspissar i realfagsformidling bør alle bibliotek i Noreg følgje Realfagsbibliotekets eksempel med å setje brukarane i sentrum og gjere dei til aktive samfunnsdeltakarar.

Årets bibliotek logo

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone

3 kommentarer om “Desse kan bli Årets bibliotek 2015

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *