Redningsaksjon for Bokbåten Epos

Bokbåten Epos har i mange år gått i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I år går bokbåten for første gang ikke i Sogn og Fjordane, og nå er det kommet forslag om å legge ned driften i Hordaland. Dette brevet er sendt til alle fylkespolitikarane i Hordaland, og har stått på trykk i Bømlo-Nytt, Sunnhordland og Kvinnheringen.

Norsk Bibliotekforening, Spesialgruppe for mobil bibliotekverksemd (Mobilis) og NBF Hordaland noterer at det endå ein gang er kome framlegg om nedlegging av bokbåten Epos i Hordaland.

Bokbåten Epos har 52 stopp i 22 kommunar langs fjord- og kystlinja i Hordaland. Eit stort besøk både på kulturprogramma og i biblioteket syner at bokbåten er ei teneste folk vil ha. Båten kjem med etterspurt  kulturprogram og bøker til stader som ligg langt frå næraste bibliotek, og som ofte ikkje har andre kulturtilbod. Båten er eit demokratisk og utjamnande verkemiddel i eit stort og grisgrendt fylke. Det er alltid fest og festival der bokbåten kjem, han er ein verdsberømt institusjon og hugs: han er ein flott ambassadør for fylkeskommunen.

Sjølv om båten har lange tradisjonar langs Vestlandskysten, er bokbåten først og fremst eit moderne og framtidsretta kulturtilbod som bidra til å auke lesekompetanse og til personlig danning .

Vi trur fylkespolitikarane i Hordaland ser verdien av å la dette unike og aktuelle litteraturhus bestå. Når alt kjem til alt er det ein forsvinnande liten del av det samla fylkeskommunale budsjetta som går til drift av bokbåten Epos.

Bokbåten legg frå kai i Bergen 4. november. Gå inn på bokbaten.no og sjå kor båten er på reis. Om du har høve, er du hjarteleg velkomen om bord for med sjølvsyn å sjå kor kjærkomen bokbåten er på si reise rundt i fylket.

Helsing

Mariann Schjeide, leiar Norsk Bibliotekforening
Marit Hass, leiar NBF Mobilis
Ágúst Magnússon, leiar NBF Hordaland