Veit du om ein bibliotekpådrivar?

bannerNorsk Bibliotekforening delte i 2013 ut Pådriverprisen for første gong. Pådriverprisen delast ut til ein person som er

  • innovativ
  • kreativ
  • ein pådrivar i bibliotekfeltet

Pådriverprisen er modellert etter Movers & Shakers, som delast ut av Library Journal.

Premien er forutan heider, ære & stor åtgaum, ei dekka reise og opphald til Det 75. bibliotekmøte som skal vere i Tromsø i mars 2016. Der får vinnaren også høve til å presentere arbeidet sitt.

OBS: Ny frist for å nominere: 25. november

Vi håper på mange spenstige og gode forslag på personar som vi veit finnast der ute, men som ikkje alltid er like synlege for kollegaer og andre i omverda. Sjå deg omkring. Veit du om nokon som driv med noko heilt spesielt som du meiner bør kome opp og fram i lyset? Ikkje nøl med å tipse oss og nominere!

Send forslaget ditt til nbf@norskbibliotekforening.no.