Diskusjon om bibliotekstatistikken

Etter publisering av bibliotekstatistikk denne uken, med dertil store medieoppslag, har Bibliotekarforbundet påpekt at «1 av 5 bibliotekarer har forsvunnet» er en tabloid og feil fremstilling av tallmaterialet. Les gjerne deres artikkel.

Vi har valgt å ta debatten på Biblioteknorge, som er en åpen e-postliste for bibliotekinteresserte. Dette skriver Mariann Schjeide, leder i Norsk Bibliotekforening:

Då vi publiserte tala som syner nedprioriteringa av folkebibliotek dei siste åra, var målet å få debatt. Vi er glade for at Bibliotekarforbundet grev vidare i desse tala. Interessa for bibliotekstatistikk har dei siste åra hovudsakelig dreidd seg om korleis ein skal innrapportere – ikkje kva ein skal gjere med tala.

Som BF påpeker på sine nettstader, stemmer det ikkje at 1 av 5 bibliotektilsette ”har forsvunne”. Gå gjerne inn og les deira redegjering. Heldigvis treng vi ikkje leite etter ein skokk bortkomne bibliotektilsette! Men for Norsk Bibliotekforening, som først og fremst er for biblioteket og biblioteket sine brukarar, er det viktigare å sjå på kor mange bibliotektilsette det er per innbyggar, enn om antalet held seg absolutt. Når folketalet veks, treng vi meir bibliotek og fleire bibliotektilsette for å oppfylle folks bibliotekdraumar og behov. Norsk Bibliotekforening vil arbeide saman med fagforbunda for bibliotektilsette for å gjere yrket attraktivt og spennande, fordi vi veit at det gavnar folk flest.

Det er flott at Bibliotekarforbundet tek tak i dette og følgjer opp. Vi er glade for at kartlegginga kan komme fagforbunda til gode. Norsk Bibliotekforening har i sin kommunikasjon av desse tala lagt vekt på dei politiske og økonomiske prioriteringane, ikkje tilsett-politikk – det er Bibliotekarforbundet og dei andre fagforbunda sitt bord. Vårt Land laga ein stor sak på nettopp dette talet, og gjorde det i overkant tabloid. I så måte er det kanskje betimeleg å antyde at overskrifta til redaktør Erling Bergan, «Statistikk på ville veier», kanskje også er ørlite tabloid? Tal skal diskuterast og vurderast, og faktafeil snik seg dessverre ofte inn når ein arbeider med eit stort talmateriale. Reduksjon av tilsette i bibliotek vart ikkje eingong nemnt av meg i intervjuet med Vårt Land , så det var ikkje vi som valde den overskrifta, men vi ser at ho har skapt merksemd. No håper vi at vi felles kan bruke denne merksemda for å gjere bibliotek til valkampsak.

Eg er vel ikkje den einaste som kjenner og ser at bibliotek no vert løfta fram? Vi har hørt om mange samtalar i kommunane basert på desse tala, og det er ei byrjing på at bibliotek vert ein del  også av den politiske samtalen. Men denne samtalen er altså berre i startgropa, og vi skal vokte oss vel for å reversere det som er satt i gang no.  Men vi må ikkje kome dithen no at biblioteksjefar og andre som kjemper for gode bibliotek vegrar seg for å bruke tala som bakgrunnsmateriale i sin argumentasjon for betre bibliotektilbod. Som biblioteksjef i større og mindre kommunar gjennom snart 25 år veit eg så inderleg vel at biblioteksjefkollegaer vil vere representantar for korrekt og relevant informasjon, også når det gjeld statistikk og KOSTRA-tal. Det ligg som ein ryggmargsrefleks i bibliotekar-fagmennesket. Dette engasjementet har vi sett mykje av dei siste dagane, og vi treng vi det meir enn nokon gong i tida som kjem.

Med helsing
Mariann Schjeide
leiar av Norsk Bibliotekforening

Les gjerne også Tord Høiviks svar. Det er Tord Høivik har analysert tallene på oppdrag fra Norsk Bibliotekforening.

Her er svaret fra Norsk Bibliotekforenings nestleder Lars Egeland.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone