Biblioteka er garantist for ytringsfridom

Pressemelding frå Norsk Bibliotekforening 12. januar 2015

Biblioteka har alltid vore ein garantist for ytringsfridomen i Noreg. Og det skal dei fortsetje med.

Vi har blitt rysta av angrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo. Våre tankar går til journalistane og deira familier. Dei er brutalt råka, men dette angår også oss alle. Det kan verke som om slike hendingar er i ferd med å kome oss stadige nærmare. Då blir vi prinsipielt utfordra på kva for verdiar som er viktige for oss.

Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for deg som elskar bibliotek. Vi arbeider for fleire ressursar til alle slags bibliotek. Det er viktig når ytringsfridomen utfordrast.

Biblioteket er ditt vern mot angrep på ytringsfridomen. Biblioteket skal ikkje sensurere litteraturen i hyllene. Der finn du alle slags synspunkt frå ytste høgre til ytste venstre. I tillegg er biblioteka leverandør av kunnskap, vidsyn og informasjonsinnhenting. Biblioteka står for danning og opplysning, slik at du kan danne deg dine eigne meiningar på eit fritt grunnlag.

Biblioteka er den demokratiske grunnmuren både lokalt og nasjonalt. Når ytringsfridomen er i ferd med å bli uthola og forsiktig, er biblioteka er ein aktør som tek han på djupaste alvor. Ikkje berre gjennom bøkene, men også fordi biblioteka skal vere ein uavhengig debattarena for den frie og opne samtalen. Det har vi sett på biblioteka i både Oslo, Stavanger og Kristiansand. Biblioteka tek dei vanskelege debattane, til tross for store protestar frå dei som er usamde i det som blir forfekta innanfor biblioteket sine veggar.

Når biblioteket slepp til alle røystene, tek dei oppdraget som debattarena og forsvarar av ytringsfridomen på alvor.

Kontakt:
Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening
415 44 647 – leiar@norskbibliotekforening.no

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone