Nominert til Årets bibliotek: Time bibliotek – nyskapande på fleire vis

Bryne er ein av fleire norske byar med nye, gode hovudbibliotek på 2000-talet. Time kommune hadde ein del år jobba med planar om nybygg, men så auka interessa for eit Garborgsenter, og brått stod dei i 2010 med ein nyskapning; folkebibliotek i sambuarskap med museum. Eller meir presist med ein «nasjonal formidlingsarena» for å fremje interessa for Arne og Hulda Garborg. Her var det synergiar å hente.

Tekst og foto: Anders Ericson

I grunngjevinga for å nominere Time bibliotek til Årets bibliotek 2013 skriv juryen blant anna: «Hele samlokaliseringen mellom formidlingsarenaen Garborgsenteret, videregående skole, bibliotek og næringsliv viser vilje og evne til å tenke nytt og til å gjøre biblioteket til en del av noe større. Man har valgt å satse utradisjonelt for å styrke det tradisjonelle et bibliotek skal være».

Per Formo sin store fondvegg skaper liv utan å vere påtrengjande.

Per Formo sin store fondvegg skaper liv utan å vere påtrengjande.

Dei fleste folkebibliotek på viktige litterære føde- eller heimstader gjer noko ekstra av dei aktuelle forfattarane sine (som til dømes Årets bibliotek i fjor). Det finst også einskilde andre bibliotek som er samlokaliserte med mindre musé eller kultursentra. Men fellesskapen i nybygget på Bryne må vere det største og mest interessante til no.

Rett nok er ikkje samarbeidet formelt evaluert enno (dei har trass alt vore berre eitt år i same bygg), men under omvisinga med biblioteksjef Aud Søyland Kristensen og avdelingsleiar for Nasjonalt Garborgsenter Inger Undheim, får vi ei klår kjensle av at det meste fungerer godt.

Biblioteksjef Aud Søyland Kristensen og avdelingsleiar for Nasjonalt Garborgsenter Inger Undheim.

Biblioteksjef Aud Søyland Kristensen og avdelingsleiar for Nasjonalt Garborgsenter Inger Undheim.

Sitat i brønnen

Rundturen startar i andre høgda, der Garborgsenteret rår over det meste av arealet. Lokala er opne og vide (heile skuleklassar skal jo rundt) og med spanande teknologi og fargerik innreiing. Senteret har både ei fast og skiftande utstillingar. På mange av utstillingspunkta har dei tatt i bruk datateknikk, både i form av skjermar og andre meir overraskande grenseflater. Den mest originale er vel «brønnen» der ein kan lese gode Garborgsitat ved å sveipe med fingrane i vassflata.

Kanskje ser vi her eit resultat av at morinstitusjonen, Jærmuseet, både har ein «vitengard» og ein «vitenfabrikk» frå før. Ulike opplevings- og vitensentra har blitt ein del av kvardagen i ein del byar. I denne delen av huset rår ikkje gratisprinsippet, men inngangspengane er låge samanlikna med andre opplevingssentra; 100 kroner for vaksne, 80 for honnør og 50 for born over fire.

Garborgsenteret har ungdom i 15-25-årsalderen og unge vaksne som viktigaste målgrupper. Dette er altså korkje eit vanleg museum eller eit arkiv for forskarar og spesielt interesserte. Garborgheimen, der Arne blei født og vaks opp, og diktarstova Knudaheio er dei museale avdelingane. Og litteraturforskarane har mest å hente på Nasjonalbiblioteket, meiner Inger Undheim. Under omvisinga får vi rett nok sjå dokument ein kunne tru var originalar frå 1800-talet, men alt her er godt utførte kopiar.

Garborgsenteret rommer spanande teknologi og fargerik innreiing.

Garborgsenteret rommer spanande teknologi og fargerik innreiing.

Biblioteklandskap

Biblioteket utgjer heile første høgda og litt av andre, der ungdomane har fått høve til å gøyme seg litt unna i ei Popkultavdeling, inspirert av Drammensbiblioteket og etter kvart fleire andre.

Store, opne og fleksible flater har etter kvart fått gjennomslag i bibliotekarkitekturen, med nokre unnatak. Den nordiske rekorden for stort areal på éi flate har vel Linköpings stadsbibliotek, men i litt mindre målestokk gjer Time bibliotek det skarpt.

Bibliotekarealet åleine er på 1600 kvadratmeter. Etter den store sentraliseringa og filialnedlegginga sidan 1990 er vel dette omlag gjennomsnittleg for nybygde hovudbibliotek i ein mellomstor norsk kommune (Time har 17 000 innbyggjarar, og Bryne 10 000 av dei). Men i kombinasjon med dei andre funsjonane i huset får ein inntrykk av eit verkeleg stort og godt bibliotek.

I tråd med dei fleksible bibliotektrendane opnar den store golvflata for arrangement av uvanleg storleik i eit bibliotek. Reolar og møblar kan trillast til side, og opptil fleire hundre menneske kan samlast til konsertar og møte. Her har det vore politisk debatt med rundt 200 skuleelevar til stades. På bursdagen til Hulda Garborg i fjor var det fest med fleire hundre bunadskledde menneske som dansa folkedans i biblioteket, og under opninga til Garborgsenteret i 2012 var det mellom 2 og 300 menneske. I mars blir reolane flytta igjen, då det er Wieneraften med tyske operasongarar, og i mai blir det catwalk med moteoppvising.

Med reolar på hjul kan ein ha arrangement og møte for hundrevis av menneske. Her frå bibliotekopninga (Foto: Jorunn Jaatten Sel, bibliotekar på Bryne, og på 2000-talet biblioteksjef og pådrivar for nytt bibliotek)

Med reolar på hjul kan ein ha arrangemant og møte for hundrevis av menneske. Her frå bibliotekopninga (Foto: Jorunn Jaatten Sel, bibliotekar på Bryne og biblioteksjef og pådrivar for nytt bibliotek på 2000-talet)

På biblioteket på Bryne har dei utvikla eit verkeleg godt «biblioteklandskap». Publikumsfunksjonane har fått variert utforming. Noko er heilt tradisjonelt, til dømes ei avdeling reolar på bein rekkje langs vidauga på inngangssida, mens andre viktigare funksjonar er sympatisk ramma inn av låge, buktande reolar eller andre møblar.

Ein verkeleg flott parkett gjev ein varm glød til heile rommet. Som kjent, blir utfordringa å halde slikt treverk ved like. Men truleg er det ikkje like mykje strøsand og salt i gatene på Bryne som til dømes i Tromsø, der slitasjen etter kort tid var iaugnefallande langs dei mest brukte «korridorane».

Apropos Trømsø: Mens dei og enkelte andre bibliotek utnyttar store glasfasadar ut mot vakre omgjevnader som stemningsskapande element, må andre ty til interiør og utsmykking. På Time bibliotek har utsmykkinga fått uvanleg mykje å seie for heilskapsinntrykket. «Undulator», kunstnaren Per Formo sin store fondvegg i den eine enden av lokalet, blir ein aldrig heilt ferdig med. Veggen skaper liv utan å vere påtrengjande. Element av mønsteret hans finn vi som måleri fleire stader i lokala, då med andre og friskare fargar enn grånyansane på fondveggen.

Den franskinspirerte Garborgstova er noko mykje meir enn den gjennomsnitlege norske bibliotekkaféen.

Den franskinspirerte Garborgstova er noko mykje meir enn den gjennomsnitlege norske bibliotekkaféen.

Fransk kafé

Garborgstova, faktisk ein sterkt franskinspirert kafé, driven av erfarne folk i faget, ligg like ved inngangen. Denne kafeen er noko mykje meir enn den gjennomsnitlege norske bibliotekkaféen slik vi kjenner han frå byar med moderne bibliotek, der det er plass til slikt. Garborgstova er ikkje berre ei avveksling for bibliotekbrukarane, men ein stad der folk i byen går for å ete frukost, lunsj eller berre ta ein kaffi. Og så kanskje svinge innom ein reol på vegen ut.

Biblioteket sine tidsskrift og aviser er strategisk plassert her. Utan at ein dermed må handle i kafeen for å lese dei.

Vi registrerer at ein annan diktarhovding, Tor Obrestad, tar seg frukost her når vi er innom. Han har skrivarstove oppe i høgblokka, får vi vite.

Med kafeen og Garborgsenteret sin butikk ved inngangen blir biblioteket sine opningstider romslegare enn i dei fleste byar det er naturleg å samanlikne seg med. Det er ikkje uvanleg å gjere avgrensa lokale, til dømes ein lesesal, tilgjengeleg utanom vanleg opningstid for studentar og andre spesielt interesserte, men når kafeen her opnar klokka 7, er heile biblioteket samtidig ope. Rett nok berre for sjølvbetening. Klokka 9 er bibliotekpersonalet på plass, noko som også er ein time tidlegare enn vanleg.

Dei nye lokala gjev ifølgje biblioteksjefen store endringar i åtferdsmønsteret til brukarane:

- Biblioteket vert i mykje større grad nytta som møteplass, studieplass og ein plass både barnehagar og skuleklassar systematisk besøker utan at bibliotekpersonalet vert involvert.

Den flotte parketten gjev ein varm glød til heile rommet.

Den flotte parketten gjev ein varm glød til heile rommet.

Samarbeid og synergiar

Noko av det radikalt nye ved dette bygget er altså samlokaliseringa. Dei respektive leiarane meiner samarbeidet går bra, sjølv om evalueringa først blir gjennomført i 2014:

- Vi har faste driftsmøte mellom biblioteket, Garborgsenteret og Garborgstova kvar veke. Elles har vi opne dører mellom oss om vi må diskutere akutte saker. Time kommune og Jærmuseet har underteikna ein hovudavtale og ein tilleggsavtale som definerer drifta og fordeling av økonomi.

Dei har nokre felles arrangement, ein felles utleigesal og dei trekkjer på kvarandre sine ressursar alt etter kva dei treng. Også kafeen er ein viktig aktør ved arrangement, då dei fleste som vil servere mat bestiller frå Garborgstova.

- Er det «lekkasjar» av publikum mellom dei ulike avdelingane på huset?

- Ja, absolutt, seier biblioteksjefen. – Publikum vandrar nokså saumlaust rundt. For Garborgsenteret si utstilling må dei løyse billett. Dei som skal dit har nok bestemt seg på førehand, men også dei går nok innom særleg kafeen.

Biblioteket opnar også for at studentar og andre kan ete måltid kjøpt i kafeen inni biblioteklokalet om dei ønskjer, eller om det er fullt i kafeen. Også dette ein modig nyskapning, tenkjer vi. Eting i biblioteket vil vel vere tabu til e-bøkene tar heilt over. Dei får jo ikkje feittflekkar.

Rett nok hadde utlånet gått litt ned i 2012, etter den eksplosive aukinga det første året i nye lokale. Noko av grunnen var at dei måtte halde stengt ei tid for å innføre nytt datasystem. Time kommune har likevel verkeleg fått noko å vise fram med dette biblioteket. Like før jul blei det kjent at Nasjonalbiblioteket valde ut dette biblioteket som eit av åtte som for tida representerer Noreg i den europeiske basen Librarybuildings. Der er dei i godt internasjonalt selskap.

I Arne Garborg sitt skodespel «Læraren» seier pietisten Paulus at «Alltid når vi ikkje vil, finn vi ut at vi ikkje kan». Truleg syner samarbeidet på Bryne at poenget er å vilje. Noko fleire bibliotek bør ta etter.

Garborgsitat på ytterveggen bryt opp det grå.

Garborgsitat på ytterveggen bryt opp det grå.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone

En kommentar om “Nominert til Årets bibliotek: Time bibliotek – nyskapande på fleire vis

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>