Ytringsfridom, men med atterhald

Den norske førebuingskonferansen til FN sitt toppmøte om informasjonssamfunnet (WSIS) avslørte eit statleg tvisyn på open kjeldekode og produktovervaking som gav seg utslag i påfallande grov avvising av kritikk. – Det er trist å oppleve slike hersketeknikkar på ein konferanse om ytringsfridom, seier Knut Yrvin frå Skolelinux.

Tekst og foto: Anders Ericson

Under tittelen Norge og det globale informasjonssamfunnet : Hvordan fremme ytringsfrihet og informasjon? (pdf) samla Utanriksdepartementet, UNESCO-kommisjonen og ABM-utvikling 7. februar over 150 fagfolk og byåkratar, til stor del frå toppsjiktet. Innleiarane var av same kaliber; frå statssekretærar til avdelingsdirektørar og eit par professorar. Og alle syntest å vere einige om det meste, slik det bør vere når ytringsfridom og demokrati er hovudtema.

Hadde det ikkje vore for dei to til fem minutta (avhengig av korleis ein låg an på tidsskjema) med spørsmål frå salen. Der nokre tillét seg å ta opp ting som ikkje var på dagsorden, nemleg problemet med det globale nesten-monopolet på sentrale dataprogram. Problemet med at maskiner og folk derfor ikkje kan snakke saman og problemet med monopolpriser som gjer at fattige land, grupper og individ kjem i bakleksa – igjen.

Ekspedisjonssjef  Ida Skard i Næringsdepartementet snakka varmt om IKT som nøkkel i ulanda sin kamp mot fattigdom, men ho hadde ikkje anna å kome med enn eit nedlatande ”nokre av dykk er jo veldig opptatt av desse tinga” då Thomas Gramstad frå Elektronisk forpost Norge (EFN) spurde om departementet sitt syn på den kontrollteknologien som Microsoft har planar om å byggje inn i operativsystemet sitt. MS hevdar det er for å hindre ulovleg bruk av åndsverk, men programma kan ikkje berre utvidast til å hindre også lovleg bruk (etter dagens lover i dei fleste land), men også overvake og setje grenser for menneskeleg kreativitet og ytringsfridom. – Eit mål for desse aktørane er å gjere all kunnskap og kultur til handelsvarer med stor knappleik, hevda Gramstad.

Etter at dei også kommenterte Jon Bing si innleiing, fekk representantane frå Open Source-miljøet vite at jussprofessoren nok var einig langt på veg, men at han tok fråstand frå ”dogmatismen” dei representerte.

Men nokon djupare debatt om desse spørsmåla var det ikkje tid til. Ikkje på ein konferanse på dette nivået, trass i at målet med han var ”å samle ideer og initiativ før toppmøtet”.  Konferansieren vedgjekk i sluttordet at alle tema nok ikkje var behandla like grundig, men at det kjem fleire høve.

– Det er ekstra trist å oppleve slike hersketeknikkar på ein konferanse om ytringsfridom, seier Knut Yrvin frå Skolelinux til NBF-veven. – Og det er urovekkjande at haldningane spriker i den norske regjeringa. På den eine side er blant anna Utdanningsdepartementet og Konkurransetilsynet aktivt for open kjeldekode, mens andre departement her syner at dei knapt forstår kva det handlar om.

Frå ein bibliotekståstad var konferansen interessant på fleire måtar. ABM-utvikling fekk markert seg solid både som medarrangør og gjennom eit engasjert foredrag ved avdelingsdirektør Leikny Haga Indergaard. Her ser vi kanskje auka synleggjering som ein følgje av at tre-fire små har blitt ein (mellom)stor institusjon.

Haga Indergaard markerte at biblioteksektoren er opptatt av balansen mellom opphavsretten og brukarane sine behov. Biblioteket som kultur- og kunnskapsinstitusjon har den lågaste brukarterskelen av alle, og formuleringar om bibliotek må derfor med i WSIS si prinsipperklæring.

Leiaren i Norsk bibliotekforening, Frode Bakken, slutta seg til dette i ein kommentar, og understreka at biblioteka representerer eit av dei ganske få gode verkemidla på området. Det gratis utlånet gjev ein ekstra spreiingseffekt som marknaden ikkje kan oppnå. Biblioteka finst nesten over alt allereie, men dei kan bli betre om verdssamfunnet satsar på dei. Biblioteka har også den fordelen at dei er kjøparar av materialet, slik at rettshavarane får sitt.

Meir om desse tema:
http://no.wikipedia.org/wiki/DRM
http://en.wikipedia.org/wiki/NGSCB
http://folk.uio.no/gisle/essay/ms08.html

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone